Om Salaby
Kva er Salaby?
Salaby er eit digitalt læremiddel i alle fag for 1.-7. trinn.
Etter eit år på lufta har Salaby no over 100 000 brukarar over heile landet.
Salaby inneheld meir enn 2000 læringselement.
Salaby har fire hovedportalar:
- Sirkus, skolestart
- Skolevegen 1.-2. trinn
- Byparken 3.-4. trinn
- Kulturhuset 1.-4. trinn
- Kanal S 5.-7. trinn
Korleis bruke Salaby?
Salaby kan brukast både i fellesundervisning på elektroniske tavler,
som stasjonsundervisning eller til individuell opplæring på pc.
Salaby er eit dynamisk læremiddel som stadig blir oppdatert
og vidareutvikla både på innhaldssida og med pedagogiske verktøy.
Hausten 2011 vil det kome eigne læringsstiar i alle fag.
Alle element i Salaby er direkte knytt opp til kompetansemål i læreplanen.
I 2012 vil vi òg tilby morsmålsopplæring og språkleg tilrettelegging for tamil,
somali, kurdisk, arabisk, polsk og urdu.
Kven lagar Salaby?
Salaby er utvikla av ein eigen redaksjon under leiing av prosjektleiar Fride Bergem.
Pedagogar, fagfolk og ulike kunstnarar arbeider med å lage eit
moderne og oppdatert univers som skal vere rikt og nyttig både for lærarar og elevar.
Salaby har eit eige byråd med lærarar som kjem med ynskje, tips og tilbakemeldingar frå skolen.